Matsalen

Matsalen ligg i underetasjen av bygget, vis a vis kjøkkenet.

Her er det nyinnkjøpte bord og stolar (april 2024) til totalt 100 personar.

Det er nye toalettfasilitetar i denne etasjen, inkl. HC-toalett med stellebord. Det er også ein mindre garderobe for å henge av seg jakker etc. Liten sofakrok i lokalet, som er kjekk å bruke som eks. pauseområde mellom måltidar/anna underholdning.

Det er lerret tilgjengeleg om ein ønsker å vise noko under arrangement, men prosjektor må ein diverre stå for sjølve, då me ikkje har dette på huset per dd. 

Ønsker du meir informasjon om dette eller andre lokaler på huset, send oss gjerne ein forespørsel - så vil du få tilsendt meir informasjon.