Matsalen

Matsalen ligg i underetasjen av bygget, vis a vis kjøkkenet.

Her er det nyinnkjøpte bord og stolar (april 2024) til totalt 100 personar. På kjøkkenet finner du servise til borddekking.

Det er nye toalettfasilitetar i denne etasjen, inkl. HC-toalett med stellebord. Det er også ein mindre garderobe for å henge av seg jakker etc. Liten sofakrok i lokalet, som er kjekk å bruke som eks. pauseområde mellom måltidar/anna underholdning.

Det er lerret tilgjengeleg om ein ønsker å vise noko under arrangement, men prosjektor må ein diverre stå for sjølve, då me ikkje har dette på huset per dd. 

Utanfor finn ein 3 store benkar m/bord.

Ynskjer du meir informasjon om dette eller andre lokaler på huset, send oss gjerne ein forespørsel - så vil du få tilsendt meir informasjon.