Nyheiter

Til hausten markerer me 40-årsjubileet vårt, og i den anledning har me i samarbeid med Amber Booking gleda av å presentera ingen ringere enn sjølvaste HAGLE på scena! For å gjera feiringa inkluderande for alle, legg me opp til to konsertar same dag: ein tidlegare konsert retta mot born og ungdom, og ein seinare konsert for vaksne. Begge...

Me håpar at me i tida framover kan fortsetje å oppdatere denne sida med fleire gladnyheiter. Det kan vere alt frå arrangement og samlingar til dugnadar som er verdt å dele. Har du vore innom og opplevd noko fint her, set vi òg pris på at du deler det med oss – kanskje blir di historie neste gladnyheit.

Etter forrige utgåve av "avisa" vår, vart me kontakta av Avisa Nordhordland - som var nysgjerrig på Silje sin draum for huset. Dersom du ynskjer å lese artikkelen, finn du den her, eller ved å klikke på bilete (krev abbonoment). Det vart også forside i papirutgåva, og 2 fulle sider.

Me prøvar oss på noko nytt - og lagar til avisutklipp frå huset, i håp om at dette kan engasjere meir i bygda. Her er første utgåve!