Kafeteria

Ein liten del som er adskilt frå storsalen med ein skillevegg som kan åpnast/lukkast etter kva som skal brukast.

Dette området på huset er ein fin stad å halde møter o.l, samt andre arrangement når man ikkje er så mange. Det har vore brukt til både mindre bursdagsfestar, dåp og konfirmasjon.

Det er nyinnkjøpte bord og stolar til 40 personar, samt glas/koppar, fat og bestikk i skap/skuffer. Det er også eit lite kjøleskap, varmeplater til panner o.l., samt kaffitrakter og kjøkkenvask.

I gangen er det mogelegheit for å henge av seg jakker etc, samt at ein der finn toalettfasilitetar, inkl. HC-toalett med stellebord, samt ein liten leikekrok for born.

Lerret er også tilgjengeleg om ein ønsker å bruke til framsyning/presentasjon - men prosjektor må ein diverre stå for sjølv, då me ikkje har dette på huset. per dd.

Ynskjer du meir informasjon om dette lokalet, eller andre lokaler på huset - send gjerne ein forespørsel, så vil du få tilsendt meir informasjon.