Det perfekte lokalet for ditt bryllup?
Draumar de om å halde bryllup i eit stort lokale, til ein rimelig kostnad? Huset ligg idyllisk til, skjerma frå støy, men likevel lett tilgjengeleg med bil, samt kort avstand til overnattingsstader og/eller bubilparkering.
Utanfor har man eit stort parkingsområde, samt "trinnfri" adkomst både oppe og nede.
Med god kapasitet både oppe og nede, kan du velje å halde f.eks middag nede i matsal, og kaffi/kaker, samt bryllupsfest oppe i storsal.. Leiger du heile huset for ei helg, kan du velje å nytte dykk av det - slik de sjølv ynskjer for dagen dykkar.
Meir om dei ulike lokala i huset, finn du i menyen her på sida.

Storsalen har ei scene om ein ynskjer underhaldning til festen, samt fleksible løysingar for bar og servering. De får tilgang til ein egen garderobe på bakrommet, om ein ynskjer å ha mogelegheit til å skifte undervegs.
På bakrommet er det også ei sofakrok, med toalett og dusj-fasilitetar - som også kan vere kjekk å ha for dei som evt. skal stå for underhaldning på scena.

Bryllupspakke
Bryllupshelg
Heile huset til di eiga disposisjon frå fredag-søndag.
5420kr
Ekstra døgn
Dersom du ynskjer ekstra klargjeringsdagar i forkant, pris gjeld pr.døgn.
1000kr
Mat & Servering
Me tilbyr dessverre ikkje matlaging eller servering til ditt arrangement - dette lyt ein sjølv syte for. Men me har eit toppmoderne kjøkken frå Norrøna Storkjøkken. Nokon tips om evt. catering, finn du her.
Underhaldning
I Storsalen har man ei stor scene, med tilgang til eiget bakrom ein kan nytte seg av. Her finn ein 2stk garderobar, ein sofakrok samt toalett og dusjfasilitetar.
Drikke og barløysningar
Det fleire mogelegheiter for barløysning. Ein kan bla. benytte seg av kafetaria-delen, eller ta i bruk vår "mobile" barskjenk som står på huset.
Oppdekking & dekor
Som leigetakar har du tilgang til dukar, himling til taket i storsalen - samt ein del vasar, lysestakar og telysholdere som de kan velje å nytte dykk av.
Teknisk utstyr, lys & lyd
Det finnes lerret både oppe i kafeteria-del, samt nede i matsal. Diverre har me ikkje prosjektor på huset.
Det er også begrensa med lys og lydutstyr på huset, diverre.
Vielse
Huset ligg knappe 5min køyring til Frøyset Kirke, om ein ynskjer å halde kirkebryllup i nærleiken. Det er sjølvsagt også mogeleg å gjennomføre vielse i lokalet, dersom ein får tak i bemyndiga person til å gjennomføre dette.
Planlegging og koordinering
Dersom du ynskjer meir informasjon ifbm din planlegging, er det berre å ta kontakt om det skulle vere noko du lurar på. Du vil også motta eit informasjonshefte med nyttig informasjon.
Overnatting
Det finnes fleire overnattingsmogelegheiter i nærleik, eller ein kort taxi-tur unna. Nærmaste er Nautesund Camping, her kan ein leige hytter, samt parkere med bubil/campingvogn om ein ynskjer. For fleire tips til overnattingsstader/transport, sjå her.
Finne fram
Huset er godt skilta frå vegen, så det er lett å finne fram, når ein kjem køyrande.
Fotobar mm.
Det er gode mogelegheiter for å kunne setje opp ein fotobar eller andre ting ein ynskjer gjestar å ta del i - her er det berre fantastien som set grenser.
Tilgjengleghet
Det er tilrettelagt med handicap toalett både oppe og nede, samt stellebord. Det finnes totalt 5stk barnestolar på huset, samt ein nyoppretta leikekrok i hovudetg.
Utvask
Sidan huset er drevet på dugnad, tilbyr me diverre ikkje utvask etter arrangement. Dette lyt ein sørge for sjølv, og ein får utdelt eit skjema for sjekkpunktar etter endt arrangement. Ein kan sjølvsagt velje å booke reingjeringsfirma.
Avfall
Utanfor kjøkkenet, finnes det 2stk store bossdunkar. Her sorterar man papp og plast for seg, og restavfall + matavfall i den andre. Sørg for at all mat blir tatt ut frå huset, for å unngå lukt og skadedyr.
Uteområde
Lyst å flagge under den store dagen? Ingen problem! Flaggstang og flagg har me! Utanfor har me også 3stk sitjebenkar, som kan nyttast. Det er også plassert ut sigarett/snus avfallsdunkar ved begge "hovudinngangar", hjelp oss med å halde område reint - då det ofte er ungar på staden.
Praktisk informasjon
Vurderar de å feire bryllupet hos oss?
Ta uforpliktande kontakt på bookingnordbygda@gmail.com, så kan de gjerne få tilsendt vårt informasjonshefte.
Dersom de ynskjer visning av lokalet, for å kunne planlegge praktiske løysinger, dekor mm., skal dette la seg gjere ved å ta kontakt for å avtale evt. tid.

Det er viktig å påpeike, at dette huset vert drevet på dugnad, og ein kan ikkje forvente svar med ein gang - men me prøvar å halde oss jevnleg oppdatert.
Ei booking vil verte bekrefta skriftleg via e-post, med gjeldande dato. Ein vil også få opplyst kontaktinformasjon, dersom ein skulle ha behov for noko under klargjering/arrangementet.
Dersom det er meir dykk lurar på, sjå her.