40års markering

Kjære alle saman,
Jubileumsåret vart kanskje ikkje heilt slik me først hadde sett føre oss. Planen var å markere jubileet med middag og dans, men då påmeldingane vart for få, måtte me ta den vanskelege avgjerda om å avlyse arrangementet.
Gjennom konserthelga, dugnadsinnsatsen og det fantastiske engasjementet frå både næringsliv og bygdefolk fekk me likevel markert 40 år med fellesskap på ein måte me kan vere stolte av.
Eg vil først rette ein stor takk til sponsorane våre. Ein ekstra stor takk går til Equinor, som var den største økonomiske bidragsytaren vår. Ei stor takk også til Entreprenør Ansgar Birkeland, som bidrog både med økonomisk støtte og utstyr, til Motho AS for økonomisk støtte, til Wergeland AS for økonomisk støtte, og til EA Elektro, som både bidrog økonomisk og stilte opp med rask og god hjelp då det trongst elektrisk arbeid på kort varsel.
Ein stor takk går også til SPAR Hosteland, som sponsa backstage-servering til artistane våre og stilte med popcorn- og sukkerspinnmaskin til aktivitetsdagen. Takk til Nautesund Camping, som ordna både frukost og ein plass å kvile til bandet, til WetPigBBQ som sørga for middag til artistane, til Masfjorden Taxi som sørga for transport av band og utstyr, og til Hordabøhallen, som velvillig lånte oss barrikadar då me trong det. Og me må heller ikkje gløyme Frifond, som bidrog med støtte til leige av lyd&lys – der Terzz lyd leverte godt!
Kvar og ein av dykk har vore med på å skape dei rammene som gjorde dette mogleg.
Det gledar oss ekstra mykje at delar av overskotet frå konserthelga kunne gå rett tilbake til bygda gjennom den gratis aktivitetsdagen for born og unge i jubileumshelga. For oss handla dette jubileet ikkje berre om å markere 40 år, men også om å gje noko tilbake til dei som skal føre fellesskapet vidare.
Å kunne tilby hoppeslott, hinderløype, ansiktsmåling, lykkehjul, popcorn, sukkerspinn og hotdogar heilt gratis, og sjå kor mykje glede det skapte, var ei kjekk og varm oppleving for oss i komitèen.
Det som kanskje gjorde aller størst inntrykk på meg gjennom jubileumsfeiringa, var å sjå opplevinga via bornas auger. Under konserten såg me auge som lyste av begeistring når konfettien regna over publikum og pyroen sette ekstra fart på stemninga (sjølv om det vart vel hett). For mange var det kanskje første storekonsertoppleving, og det var fantastisk å sjå korleis dei levde seg inn i det heile!
Minst like kjekt var det å sjå møtet mellom borna og artistane etter konserten. Smila, stoltheita og gleda over å få helse på banda og ta bilete saman med dei, er minner eg håpar dei tek med seg lenge.
Dette var augneblikk som gjorde inntrykk. For midt mellom planlegging, budsjett, dugnadstimar og praktiske utfordringar fekk me sjå kvifor dette arbeidet betyr noko. Me fekk sjå born som lét seg begeistre, familiar som møttast, og eit samfunnshus fylt med den typen liv, glede og fellesskap som huset vart bygd for å romme.
Eg trur ikkje det finst ei betre markering av 40 år med fellesskap enn nettopp det. Å kunne skape slike opplevingar og nye minnar for den neste generasjonen, og samstundes sjå at huset framleis betyr så mykje for folk - er stundar som gjer at alt arbeidet vel verdt.
Eg håpar òg at me tek med oss ei lita læring frå jubileumsåret. Når det dukkar opp arrangement som ein har lyst til å få til i bygda, betyr tidlege påmeldingar og billettkjøp meir enn mange kanskje tenkjer over. Det gir arrangørane tryggleik til å satse, og gjer det mogleg å skape fleire opplevingar for både store og små. Me såg kor fantastisk respons det var på arrangementa for born og familiar. Skal me klare å halde fram med å skape gode møteplassar og opplevingar for alle aldersgrupper, er me avhengige av at folk støttar opp også om dei arrangementa som krev påmelding og billettsal.
Så må me også få takke alle dei frivillige. Dei som har planlagt, rigga, køyrt utstyr, handla inn, stått i kiosk, heltane som stod i baren, rydda, teke imot publikum og vore vakt mm, dei som har hjulpet til med små og store utfordringar undervegs, og dei som stilte opp for å få på plass «siste finish» i forkant. Og sist, men ikkje minst: alle bygdefolka som kastar seg rundt når telefonen kjem og det plutseleg er noko som må ordnast. Sauegjerder rundt teknisk utstyr i salen, er vel så nærme bygdeliv ein kjem?
Den dugnadsånda er heilt uvurderleg.
Me har også møtt stor velvilje frå mange hald undervegs. Eit godt døme på det var då me fekk beskjed om pyro under konserten og plutseleg måtte få på plass nødvendige godkjenningar på ganske kort varsel. Då kasta brannsjefen seg rundt og hjelpte oss gjennom prosessen. Og ikkje minst då ferjesituasjonen plutseleg skapte utfordringar for transporten før konsert, var det heldigvis også folk som stilte opp. Wergeland tok på seg ansvaret for å organisere busstransport mellom ferjekaia og samfunnshuset då det berre gjekk skyttelbåt.
Slik hjelp er lett å ta for gitt når alt går bra, men slike bidrag er ofte avgjerande for at arrangement skal flyte så godt som dei gjorde denne helga. Og slike mennesker, som ser eit problem og tenkjer "dette skal me få til", er noko av det finaste ein kan ha i lokalsamfunnet.
Til slutt må me sjølvsagt også takke publikum. Takk til alle som kjøpte billett, møtte opp på konserten, tok turen innom aktivitetsdagen, støtta arrangementa våre og bidrog til den gode stemninga. Utan publikum hadde det ikkje vore nokon å arrangere for. At så mange valde å vere med oss og skape liv i huset gjennom jubileumshausten, set me enormt stor pris på.
Eg har fått høyre meir enn éin gong at eg er ganske sta, og akkurat i dette tilfellet er eg glad for det. For utan litt staheit hadde nok fleire av desse planane blitt liggjande på hylla. Heldigvis har eg også vore omgitt av folk som har stilt opp, heia på idéane og vore med på å gjere dei til om til virkelegheit.
Før eg rundar av, vil eg også seie at sjølv om jubileumsmiddagen ikkje vart slik me hadde håpa, er ikkje jubileumsfeiringa nødvendigvis over for det. Me ønskjer framleis å få til ei markering av dei 40 åra som Nordbygda Samfunnshus har vore ein samlingsplass for bygda. Korleis den markeringa blir, kjem me tilbake til - men me håpar å kunne samle både gamle og nye brukarar av huset til ei verdig feiring ved eit seinare høve.
Og når eg no ser tilbake på alt som har skjedd gjennom jubileumshausten, kjenner eg først og fremst på stor takksemd. Det har vore enorme timar med planlegging, oppussing, nokre utfordringar undervegs og mange gode opplevingar, men mest av alt er eg stolt over det me har fått til saman - på dugnad, for bygda.
Dette jubileet har vist at samfunnshuset ikkje berre er eit bygg. Det er menneska som fyller huset med liv, engasjement og fellesskap som gjer det til det det er.
Og viss det er éi setning eg tek med meg etter dette jubileet, så er det denne:
Når bygda står saman, kan me få til utruleg mykje.
Tusen hjarteleg takk til kvar og ein av dykk som har bidrege til å gjere 40-årsjubileet til noko heilt spesielt.
På vegne av komitèen for 40års-jubileet, og leiar av Nordbygda Samfunnshus,
Silje
PS: Nedanfor finn du nokre bilder som er tatt ila hausten - har du nokre blinkskudd du vil dele?